Irene Åtland (t.v.) og Wenche Høgetveit seier dei er glade for å kunne hjelpe, men at behovet for matkassar er overveldande. – Nokre fortel at dei ikkje har ete noko den dagen før dei kjem. Det går veldig inn på oss at nokon har det slik, seier Høgetveit.

Leverer ut matkassar til 80 familiar kvar veke

– Nokre er einslege, men det er også mange familiar. Med 82 matkassar berører det nok 250 menneske i Evje og Hornnes. Det er trist at det er så stort behov, men samtidig fint å kunne hjelpe, seier Irene Åtland. Ho er ei av dei frivillige som deler ut matkassar ein gong i veka på Evje.

Blåkorshuset på Evje er fylt med gule kasser som skal fyllast opp med brød, pålegg, kjøtt, frukt og grønt. Frivillige frå Norkirken og frivilligsentralen fordeler maten ut til dei som har meldt seg på matutlevering. Dei fleste har fast henting kvar veke, medan andre melder frå når det er behov.

Behovet for matkassane har auka bekymringsverdig i løpet av dei to åra Norkirken har stått bak tilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre fortel at dei ikkje har ete noko den dagen før dei kjem. Det går veldig inn på oss at mange har det slik, seier Høgetveit.

Maten blir fordelt på Blåkors-huset på Evje til over 80 husstander i Evje og Hornnes. Ronald Tuinenborg er ein av dei frivillige som hjelper til.

Utsett økonomisk situasjon

Ein gong i månaden er det middagsservering på Blåkorshuset i staden for utlevering av mat. Der er det opent for alle, og det er ein viktig sosial møteplass i tillegg til å vere eit gratistilbod om mat.

–Det er trist at det skal vere så stort behov. Då me starta leverte me ut 10-12 matkassar, nå er det over 80, seier Irene Åtland.

Fleire av dei frivillige har sett utviklinga medan dei har vore med. Tilbodet er sårt tiltrengt for dei som får, og kanskje er det også fleire som endå ikkje har bede om hjelp.

– Mange som er i ein utsett økonomisk situasjon i utgangspunktet, fortel nå at dei har det veldig tøft. Det blir veldig vanskeleg med berre ei inntekt for eksempel, når så mykje forsvinn til straum og generell prisstigning, seier Høgetveit.

Dei som kjenner at strikken er tøyd økonomisk, kan lese om matutleveringa på Norkirken sine nettsider.

– Alt er blitt så dyrt. Det er stusselig at så mange som 250 menneske treng det, me er ikkje så stor ein kommune, seier Åtland.

– Då me starta var det 10-12 som fekk levert mat. Nå er det over 80, fortel Benny Labdon og mannen Dennis Labdon som har vore frivillige i matutleveringa i to år.

Overskotsmat frå Evje

Gjennom året er maten levert av lokale butikkar og Matsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Maten er overskotsmat som har gått ut på dato eller snart går ut på dato frå butikkane Kiwi, Extra og Spisekroken, i tillegg til det som kjem frå Matsentralen i Kristiansand.

Les også
Byr inn til gratis julefest

Høgetveit og Åtland har ansvar for administrering av utleveringa, og fortel at det ikkje manglar på frivillige som vil vere med og hjelpe.

– Det er veldig mange som vil hjelpe, og treng me fleire så ordnar frivilligsentralen det, seier Høgetveit.

GLEDA VED Å HJELPE: Eit heilt fotballlag er i sving for å fordele og sortere ut maten som skal i kassane til utlevering. Bak f.v.: Alina, Pavlo Shevchenko, Dennis Labdon, Benny Labdon, Wenche Høgetveit, Irene Åtland, Ilarion Haievets og Ronald Tuinenborg.Midten f.v.: Jihan Said, Hiam Karim Al-Shambari, Åse Rørvik og Gunn Hannås. Framme f.v.: Ahmad Hassan Aljarad og Mohamad Tawfik Mowafak Aljaeh.

Mange kan gje litt

Difor er det ikkje fleire hjelpande hender dei to ønskjer seg til jul, men heller eit bidrag til den siste matutleveringa i år, Julemat for alle, som dei kallar det.

Då ordnar dei frivillige litt ekstra matvarer til dei som slit økonomisk, og oppmodar difor både næringsliv og private om å vere med på spleisen for å kunne handle inn ekstra til matkassane.

– Me har heller ikkje utlevering i jula, så difor kjem dette veldig godt med. Me ønskjer oss veldig alt folk støttar spleisen, seier Åtland.

– Ein må heller ikkje gje så mykje, men mange kan gje litt, legg Høgetveit til.

Over 6 % av innbyggjarane i kommunen får hjelp

I følgje Statistisk sentralbyrå er det 3969 innbyggjarar i 1712 husstander i Evje og Hornnes. Ved utdeling av 85 matkassar frå Norkirken utgjer det nesten 5 % av alle husstander i kommunen. Norkirken fortel at gjennomsnittet for familiemedlem ved kvar kasse er 3. Antall menneske som får mat frå utdelinga er dermed 6,3 % av befolkninga i Evje og Hornnes.

Artikkelen held fram under annonsen.