Assisterande butikksjef Joakim Hodne Kleven og butikksjef Nina Kristin Kjetså på KIWI Evje har plukka fram julevarer der prisen er redusert med tanke på konkurransen i daglegvarehandelen også i julestria.
Assisterande butikksjef Joakim Hodne Kleven og butikksjef Nina Kristin Kjetså på KIWI Evje har plukka fram julevarer der prisen er redusert med tanke på konkurransen i daglegvarehandelen også i julestria.

Lovar priskrig på Evje

-Det blir priskrig på daglegvarer her på Evje også i år, seier butikksjef Nina Kristin Kjetså på KIWI Evje.

-Priskrig på julevarer har blitt ein hyggeleg juletradisjon for oss i KIWI. Nå kuttar me juleprisane igjen for femte året på rad, seier ho. 

Svenn Olav Skjeggedal på SPAR Evje trur at alle daglegvarebutikkane på Evje har kutta i prisane i desse dagar med tanke på juleinnspurten.  Han meiner resultatet av den tøffe konkurransen er at ingen matvarebutikkar tener pengar på julestria.                      

-Før var julehandelen noko ein såg fram til med tanke på å auke handel og inntening. I dag er prisane så pressa at julehandelen berre betyr omsetningsauke, men det er lite eller ingenting igjen av forteneste, seier Svenn Olav Skjeg-gedal. Han meiner det er andre delar av året butikkane må satse på auka trafikk og dermed også å ha meir igjen for innsatsen.

Olav Aas på REMA 1000 meiner det er for tidleg med sjølve julehandelen enno.

-Det er først om eit par veker at me i denne bransjen ventar det store kjøret, seier han.

På KIWI Evje derimot er dei innstilte på det som ein gjerne kan kalle ein tjuvstart på årets julehandel.

- Har du planar om å starte julebaksten nå, så er prisen på pepperkakedeig ned 17 prosent, mens mandlar i laus vekt og melis til kransekakene er ned henholdsvis 16 og 28 prosent, fortel butikksjef Nina Kristin Kjetså.

Ho hevdar at KIWI Evje for nokre dagar sidan sette ned prisane på mange av dei viktigaste varene til jul med opptil 32 prosent. Blant desse er skum-julenissane til julekalenderen, seier ho, men også edamer-ost, dadlar, svisker, julepostei, grautris, surkål og lutefiskbacon.

-Vi gir oss aldri på pris, seier butikksjefen.