(Foto: Arve Rauk)

Løylandsloftet i Grendi

Var det ein slik kveld han opplevde, Jakob Sande, då han skreiv diktet ”Då Gud heldt fest i Fjaler”. Han skildra augustkvelden i Sunnfjord, men dette er ein av dei første junidagane ved Løylandsloftet og Årdal kyrkje i Grendi.

Arve Rauk har fanga inn stunda og kveldshimmelen som Jakob Sande skildra slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden, du veit,

eg låg utmed stranda og pilka den stunda då fisken beit.

I vest stod ei diger kveldssol og lutte mot himmelrand,

men det var ei jordisk kveldssol som skein på ei jordisk strand.

Då var det som alt var omskapt, eg merka det litt i senn.

Eg var som Johannes på Patmos, Patmos i bibelen.

Former og fargar skifte på strender og firmament,

det som var kjent, vart ukjent, og det som var ukjent, kjent.