Det var høgt tempo ikkje berre på tråvbanen på Senum, også kioskarbeidarane Ina McShane (t.v.) og Tuva Haugen Auestad fekk nok å gjere under årets 1.mai-tråvløp.

Mange høgdepunkt under tradisjonsrikt tråvløp

Under årets tråvkøyring på Senum 1. mai vart det køyrt heile ti løp for både hest og ponni, og av desse var fem løp i tråv og fem i galopp. – Me har sett at det å famne om både tråv- og galopphestar fører til mange fleire påmeldingar, seier leiar i Setesdal Tråvlag, Anette Hovstad.

Til dei ti løpa på Senum Tråvbane denne veka var det mange påmelde som møtte både strålande sol og ein ideelt preppa bane klar for fart og spenning. Banemeister Cay N. Hovstad i tråvlaget er den som sørgjer for at banen er optimal til køyringa.

– Det var utruleg gledeleg å sjå at så mykje publikum fann vegen til Senum denne onsdagen, uttaler Anette Hovstad i Setesdal Tråvlag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei stor gruppe hestar og ryttarar som skulle starte i galoppløp, rei også heilt frå Evje og opp til tråvbanen på Senum før løpsstart.

– Dei fekk seg ei skikkelig oppvarming i forkant og ein god tur på ettermiddagen. Imponerande! uttaler Hovstad.

Dagen vart ein skikkeleg folkefest der kioskarbeidarane måtte stå på for å halde unna trøkket frå publikummarane.

Årdals Frøya og Frode Hatlevik tok ein kontrollert siger i DNTs 3-års pokalløp for kaldblodshestar. Foto: Setesdal Tråvlag

Tråvlaget peikar på ei mengde små og store høgdepunkt frå dagen:

– I DNTs 3-års pokalløp for kaldblodshestar stod heile fem treåringar på startstreken. Det er lenge sidan me har hatt eit så fyldig felt med unghestar. Årdals Frøya og Frode Hatlevik tok ein kontrollert siger i løpet. I det prestisjetunge Torbjørn G. Haugens minneløp vann tråvlagets eigne Rune Røyrås med sin eigentrente Lættis. Hesten som har tent rundt 600 000 kr i totalisatorløp, gjorde eit sterkt løp mot gode konkurrentar, skriv tråvlaget.

Tråvløpet på Senum er for mange ein årviss tradisjon, og arrangørane vart også i år imponert over frammøte.

Galoppløpa har også ein svært høg underhaldningsverdi for publikum.

– Her fekk me sjå mange ulike rasar med ryttarar i alle aldrar. Actionfylt blei det spesielt i eit av løpa der Antonie Smeland datt av ponnien Vaila som plutseleg tok ei uventa vending på siste langside. Det hindra ikkje Antonie som raskt hoppa opp igjen på hesten og rei inn til siger i løpet - for ein prestasjon!

Også i det siste løpet skulle publikum få seg ei real overrasking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sans Arc XX og Ronja Løvland tente til fra start i aller siste løpet, og reiste frå resten av feltet i ei enorm fart. Foto: Setesdal Tråvlag

– Sans Arc XX og Ronja Løvland tente til frå start og reiste frå resten av feltet i ei enorm fart. Ryttaren heldt stødig kurs gjennom heile løpet og galopperte ned oppløpet i einsam majestet. Vi gratulerer alle startande med fantastiske prestasjonar!

Midtvegs i programmet kom både tidlegare ambassadør Torbjørn Frøysnes og ordførar i Evje og Hornnes, Morten Haraldstad. Speaker Tor Øyvind Hansen tok seg av intervjua av desse to.

Speaker Tor Øyvind Hansen intervjuar ordførar Morten Haraldstad. Sistnemnde fortalde at han var svært imponert over arrangementet på Senum.

– Frøysnes informerte om Det Norske Travselskap sitt jubileum som finn stad til neste år. Ordføraren var svært imponert over arrangementet som verkeleg viste seg frå si beste side.

Dei to fekk også i oppgåve å trekke ut kven av alle dagens startande som vann dagens hovudpremie, ein splitter ny tråvsele. Den heldige vinnaren vart Moi Linn som er eigd av den hesteglade familien Røyrås på Moisund.

– Tråvlaget vil seie tusen takk til alle deltakarar som stilte til start. Vi vil også takke alle funksjonærar som held arrangementet flytande. Dei ti sponsorane er også heilt avgjerande for å få til køyringa.

Både små og store, hesteinteresserte og andre møtte opp på Senum for å få med seg det årvisse tråvløpet 1. mai.