Maria Liliana Predica frå Romania er dagleg å finne på gata like utanfor apoteket i Evje sentrum. Der byr ho fram strikkevarer i ull for å skaffe seg pengar til levemåten for seg sjølv, mann og to barn heime i Romania. Mannen er også på Evje og sel blad for å skaffe seg inntekt.

Maria frå Romania byr fram ullstrikk på Evje

I eit håp om å skaffe seg litt inntekt til levemåten heime i Romania, er ho gateseljar på Evje, Maria Liliana Predica. Også mannen Lorenzo er på Evje som seljar.

Lorenzo sel gatemagasin i håp om å skaffe seg litt inntekt, men Maria har gått saman med svigermora Irina om å strikke gode, varme sokkar, vottar og andre ullvarer. Kvar einaste dag er Maria å finne på gata like utanfor Vitus Apotek i Evje sentrum. Der byr ho fram strikkevarene i førjulstida.

Julepresangar

Folk som er på jakt etter fornuftige julepresangar bør ta ein pause hos den svært utadvendte og venlege Maria. Ho snakkar godt engelsk og fortel om fattigdommen i heimlandet. Ho har born på 2 år og 6 år som bur i eit hus så skrøpeleg at taket held på å dette ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er besteforeldra som passar borna når Maria og Lorenzo er i Noreg for å skaffe seg litt ekstra inntekt. Saman med svigermora Raisa har ho i lengre tid strikka for å ha mykje å tilby når vinterver og førjulstid nærmar seg. Her er vottar, luer og sjal i friske fargar og mykje å velje i.

Dei to borna til Maria og Lorenzo som blir passa av besteforeldra sine, Kemal (2) og Raisa (6). (Foto: Privat)

Skulejente

På regntunge dagar må Maria pakke varene inn under plastdekke og bruke paraply, men så snart det er opphaldsver er ho igjen eit fargerikt innslag i gatebildet på Evje.

– Dotter mi, Raisa på 6 år har begynt i skulen, og det er mykje som kostar pengar. Sonen på 2 år treng og betre husvære enn det me har i dag. Difor er me opptekne av å skaffe oss litt ekstra inntekt no fram mot jul, seier Maria og håper at folk på Evje vil stanse ved samlinga av strikkevarer og gjerne handle litt av henne.