I 40 år har det vore jolemesse på Rysstad, noko som blir markert under det årlege arrangementet fyrstkomande laurdag.

Markerer 40 år med jolemesse

Informasjonsleiar i Misjonssambandet og ein samfunnsdebattant av rang, Espen Ottosen kjem til den tradisjonsrike jolemssa på Rysstad førstkomande laurdag. Det er 40 år sidan første initiativet til det populære jolemessearrangementet vart teke.

Sjølv om mykje i samfunnet stadig endrar seg, er jolemessekonseptet på Rysstad noko av det mest stabile. År etter år stiller dei opp, eldsjelene i misjonsforeningane, slik dei gjorde det for 40 år sidan då også Setesdal jolemesseforening vart skipa. Kristine Hovstad, Ragnar Aas og eit kobbel av andre interesserte tok på seg oppgåver og vart eit dugnadslag som ein knapt har sett marken til her i dalen. Resultatet har blitt ein eventyrleg messelaurdag kvar haust, og fleire hundre tusen kroner til Norsk Luthersk Misjonssamband sitt omfattande virke.

Tid til ein prat

Sjølve arrangementsdagen har det vore tradisjon for folkefest med loddsal på bøker, årsal på rekordmange kaker og ikkje minst godt påfyll for både kropp og sjel. Varmmat og kaffimat om einanan har opna for gode samtalar mellom folk som gjerne berre møttest på denne eine laurdagen i året. Ofte var det interessa for misjonsarbeidet som trekte dei til Rysstad, men arrangementet har gjennom åra greidd å samle mange, ,ange fleire.

Artikkelen held fram under annonsen.

Espen Ottosen, informasjonsleiar i Misjonssambandet, blir talar på jolemessa i år. (Foto: Norsk Luthersk Misjonssamband)

Espen Ottosen talar

Også i år blir det program etter tradisjonsrikt mønster med mykje flotte basarvarer, og med føremiddags- og ettermiddagsmøte med Espen Ottosen som talar. I tillegg kjem det eit solid knippe syngjande mannfolk frå Flekkerøy. Denne øya er kjend for både Flekkerøyguttene, Flekkerøykamerater og juniorsongarar. I år er det jolemessa på Rysstad som får gleda av å høyre friske tonar og ein evangelisk bodskap. Det skjer mellom utlodningane som altså varer heile dagen med trekning på dei største gevinstane heilt på tampen av arrangementet.