Lokale deltakarar på marsvinutstilling på Byglandsfjord. Frå venstre: Christine Åsegård frå Dale på vestsida av Byglandsfjorden, Tuva Haugen Auestad, Senum, Heike Orthe, Kristin Linnea Mjåland og Astrid Cathrina Mjåland, begge frå Åseral.

Marsvin-utstilling på Byglandsfjord

For første gong i historien her i distriktet:

For første gong i historien hadde Norsk Marsvinklubb lagt utstilling til distriktet vårt sist laurdag. Det skjedde i Lokomotivstallen på Byglandsfjord der over 60 kjæledyr deltok.

Folk kom med marsvin i alle fargar og fasongar, frå Bergen i vest til Gjøvik og gamle Østfold i aust. Her var kjæledyr og rasedyr med utstillingar i ei rekke klassar frå born til vaksne. 3 dommarar var på plass. Det betydde forskjellige dommar på eine dyret etter det andre under eksteriørdømminga. Dermed vanka det også sløyfer i ulike fargar og variantar.

Aukande interesse

-Dette er ein hobby for spesielt interesserte, sa Christine Åsegård, ei av eldsjelene bak arrangementet på Byglandsfjord. Interessa for å halde marsvin er aukande også her i distriktet. Då hjelper det godt at ei av dei landsomfattande utstillingane denne gongen var lagt til distriktet vårt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til vurderingar og dommar var det mykje sosialt samvær under treffet på Byglandsfjord. Det var også god servering med gryterett til dei frammøtte, både deltakarar, familiar og ikkje minst besteforeldre som interessert følgde med då premieringa starta og sløyfene skulle delast ut.

Besteforeldre var ein del av det mest interesserte publikummet under marsvin-utstillinga på Byglandsfjord. Her Anlaug Børtnes (t.v.) og mannen Øystein frå Åseral.