Det er påvist smitte i tre avdelingar i Oddeskogen barnehage på Evje. Kommuneoverlegen tilrår at born, tilsette og føresette skal i gang med regelmessig sjølvtesting.

Massetestar barnehageborn etter nye smittetilfelle

Evje og Hornnes kommune innfører massetesting av born, føresette og tilsette i Oddeskogen barnehage på Evje. Dei siste dagane har det blitt påvist koronasmitte på tre avdelingar der.

Dei smitta var i barnehagen sist veke, og er nå i isolasjon. Testregimet er sett i gang for å ha kontroll på smittespreiinga og fange opp andre smittetilfelle så tidleg som muleg. Dei tre avdelingane som er ramma av smitte er Amazonitt, Skriftgranitt og Øyegneis. Borna på avdelingane er ikkje sett i karantene, og kan gå i barnehagen som vanleg. Men kommuneoverlegen tilrår sjølvtesting jamleg i to veker.

FHI har understreka at testing av born berre må skje dersom barnet ikkje motset seg testing. Det blir difor opp til foreldra å vurdere om testinga kan gjennomførast på eige barn. Føresette og tilsette ved avdelingane skal også teste seg dei to neste vekene. Etter dette vil ein vurdere om tiltaket skal vidareførast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smitte på barneskulane og vidaregåande

I løpet av helga kom det fleire positive sjølvtestar, og nokre av desse er knytt til Evje barneskule og Setesdal vidaregåande skule. Tidligare i veka vart det også registrert smitte tilknytt Hornnes barneskule. Smittetrykket ser ut til å auke i distriktet vårt.