Barnetoget 17. mai 2019 på Evje. Sist gong folk opplevde ei ordinær feiring av nasjonaldagen. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Me vil sjå 17. mai-feiringa di!

Endeleg kan små og store sjå fram til ein nasjonaldag med både barnetog, iskiosk, leikar og hygge saman med vener og kjente. Det er tid for ein 17. mai heilt utan restriksjonar.

Det er lagt opp til eit innhaldsrikt program frå Bykle i nord til Evje og Hornnes i sør. Det er skramletog, folketog, barnetog, diktlesing, natursti og trylleshow, og alt anna i mellom som er moro for store og små.

Korpsmusikk er ein naturleg del av nasjonaldagsfeiringa. Her frå markeringa utanfor Evjeheimen i fjor. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Denne dagen vil me gjerne sjå korleis du og dine feirar!

Artikkelen held fram under annonsen.

Send gjerne bilete på mail til sigrid@setesdolen.no, til 41185583 eller via Messenger til Setesdølen på Facebook. Legg ved namn på dei som er på biletet, så blir det ekstra stas for andre å sjå!

På Moisund laga dei eige sykkeltog då pandemien sette ein stoppar for ordinær feiring i 2020. Svein Salve Lislevand leidde an i traktor. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)