Kjell Arne Rosseland fekk elevane frå Evje ungdomsskule til å tippe kor gamalt treet han felte var, og kor mykje skogeigaren kan vente seg å få for det. Det var ikkje lett. - Tenk treet har stått her i hundre år, men ein får ikkje meir enn 400 kroner for det, fortalde han. F.v. Jon Gunnar Kjetså, Rosseland, lærar Svein Birkeland, Leif Kristian Eftevand, Julie Gudmundson Madsen, Emelie Frimanslund, Mateo Madsen Føreland, Isaiah Abusdal Malm, Isak Leirvik Nilsen og David Sæterdalen Aune.

Med skogen som klasserom

Over 100 ungdomsskuleelevar frå heile distriktet reiste frå klasseromma sine og tok til skogs på Bygland for å lære om naturbruk.

Sverre Bjørn Ledaal frå Skogselskapet saman med KVS-elevane Siv Jorunn Matningsdal, Annemari Fidjeland og Alexander Raumanni som går på naturbruk. Dei lærte ungdomsskuleelevane om planting av nye tre.

Mange av elevane sette pris på å byte bort den vanlege timeplanen med naturrelaterte oppgåver og utfordringar i skogane og på tunet ved den vidaregåande skulen på Bygland. Der fekk dei sjå då instruktør for skogkurs, Kjell Arne Rosseland felte tre og fortalde om dei mange bruksområda til treet.

Ikkje alle visste at vaniljesmaken i favorittisen kjem frå norske grantre, eller at eit hundre år gamalt tre har ein verdi på berre nokre hundrelappar. Heller ikkje at det å drive i skogen er så mykje meir enn berre å felle tre. Nokon må plante nye tre, og skogen må tynnast og haldast ved like for at verdien ikkje skal falle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når ein høgg skogen, så er han ikkje øydelagt. Det kjem ny skog, og me prøver å vise kvifor me gjer som me gjer i skogen, sa Rosseland.

Kjell Arne Rosseland har nettopp felt eit tre med elevar frå Evje ungdomsskule som publikum. Elev på naturbruk ved KVS Bygland, Gaute Libjå er i gang med å kviste treet.

Rosseland lærte ungdommane om skur og slip. Skurlast eller sagtømmer blir brukt til trelast, som planker, bord og lister, og slip eller massevirke er tømmer som blir brukt til papir eller celluloseproduksjon.

– Me prøver å vise skogen som ressurs, både med tanke på pengar og klima, og få eit innblikk i korleis næringa er, sa Rosseland.

Elevane fekk lære om god skogkultur, og vart sett i gang med planting av tre av vgs-elevane og Sverre Bjørn Ledaal frå Skogselskapet.

– Skogselskapet har eit prosjekt, «Velg naturbruk», som tar sikte på å få fleire til å velje naturbruk på vidaregåande. Her får elevane sjå litt av livet på ei naturbrukslinje, og me har opplevd god respons på denne dagen, sa Ledaal.

Skogselskapet stod for naturbruksdagen i samarbeid med KVS Bygland. Her instruerer Sverre Bjørn Ledaal elevane i planting.

Jobb med skog

Dei som ikkje tenkjer seg å drive i skogen sjølve, fekk høyre om dei mange mulegheitene innanfor arbeid som er tilknytt skog i heile landet.

– Det er veldig mange jobbmulegheiter som mange kanskje ikkje tenkjer over, og eldre generasjonar som etterkvart må erstattast, fortalde Gunnar Evja i AT Skog.

Han fortalde mellom anna om tømmerbilsjåførane som køyrer tømmer frå hogstområda, om økonomar som arbeider i skogselskapa, om dei som registrerer skog til vern og stillingar innanfor teknologi og data. Berre nokre av dei arbeidsplassane som skogen er utgangspunktet for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ella Tonette Flodquist og Viljar Aasland fekk lære om ungskogpleie og tynning av tre, og måtte måle opp og telje tre innanfor eit område og rekne ut treantallet.

Det var ein variert naturbruksdag med eit tett program som også inkluderte økekasting, start av motorsag, artsbingo, luftgeværskyting, lassokasting og simulator.

Skogeigarlaget stod for ei raus lunsjservering som smakte ekstra godt i regnvêret midt i ein dag fylt med nye inntrykk og mykje ny lærdom om skog.

Instruktør frå Skogkurs, Kjell Arne Rosseland, Sverre Bjørn Ledaal frå Skogselskapet og Gunnar Evja frå AT Skog gav over hundre elevar frå ungdomsskulane i distriktet eit innblikk i skogen som ressurs.

Sjå fleire bilete frå naturbruksdagen på Bygland: