Misjonssambandet sine foreningar heldt årsmøte på Evjetun for å drøfte samanslåing. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Misjonsforeningar slår seg saman

Forslaget var å slå saman Misjonssambandet sine foreningar i Hornnes, Evje og Byglandsfjord på årsmøtet på Evjetun nyleg.

Kontaktperson i Evje, Kristine Hovstad, kontaktperson i Hornnes, Steffen Røykenes og dagleg leiar for Evjetun Leirstad, Sverre Høgsås blei valde på ei samling 5. oktober i fjor til å halde verksemda i gang til nytt styre blei valt og samtidig sjå på vegen vidare framover for dei tre misjonslaga. Forslaget frå kontaktpersonane var å kalle den nye foreninga Evje og omegn misjonssamband.