KRAMKAR: John Hallvard likar å handle med verktøy og utstyr som attåtnæring.

Moderne mangesyslar

John Hallvard Kjelleberg i Valle dyrkar ny slåttemark. Samstundes som maskinføraren høgg tømmer, har eiga sag og driv importverksemd på si. – Det er fint å ha fleire bein å stå på, seier Kjelleberg.

I Kvesteli sør for Valle bryt John Hallvard Kjelleberg (23) jorda for nydyrking etter å ha hogd tømmer og rydda mark i vinter. Med auka prisar på det meste innan byggevarer, har han også investert i ei mobil sag der han no har byrja å skjere opp sitt eige tømmer.

– Planen er fyrst å setje opp eit saghus med desse materiala, og elles selje det som er til overs. Sidan ynskjer eg å ta på meg leigeskjering for dei som måtte ynskje det, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trur på jordbruket

Han driv eige firma som maskinførar, og skal no drenere og stelle opp den dyrka marka på garden. Samstundes som han utvidar og dyrkar meir jord.

– Eg har tru på at eg skal få leigd jorda bort, og har fått signal om at nokre bønder er interesserte i å leige den når eg har stelt den fint. Det vert tre dekar i fyrste omgang, så får ein sjå om det vert meir, held han fram.

Den dyrka marka har lege brakk nokre år, og var sist i bruk som beitemark for kyr.

– Eg prøvde å leige det ut, men det var ingen som ville slå det. Det var ikkje farbart med ein plenklyppar eingong. Det var så blautt at i fjor grov eg opp og skal vedlikehalde og oppgradere det, slik at eg håpar nokon vil slå det.

SAGBRUK: Kjelleberg er godt i gong med å skjere materialar til saghuset han skal setje opp.

Tent inn halve saga

Med sjølvhogd tømmer og heimeskore plank trur han det finst ein marknad med prisane som no er på bygningsmateriale. Han syner ein stabel som han reknar med har ein verdi på om lag 10 000 kroner.

– Denne brukte eg vel fem timar på å skjere. Saman med ein del anna tømmer eg har skore, og med dei galne prisane som er no, trur eg mest eg har tent inn halve saga alt, seier Kjelleberg.

Den mobile saga kan ta stokkar opp mot 86 centimeter i diameter og med ei lengd på ti meter.

– Eg kan skjere i dei fleste dimensjonar. Frå store dragarar til vanleg kledningsbord, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier det står mange gamle sager rundt om i dalen, men han tvilar på at det er så mange som er i bruk.

– Det er eit fint arbeid. Eg likar å jobbe med tre, ved og tømmer, og tek på meg drifter også om folk spør, seier Kjelleberg.

NYRYDDING: John Hallvard Kjelleberg bryt nytt land for å utvide den dyrka marka på garden.

Handelsmann og importør

Samstundes har han ei anna verksemd på si, som han også har planar om å utvide.

– Eg driv noko med import av ulike varer. Jekkestroppar, pipesett og arbeidsljos. Dette sel eg på nett på ulike salssider, men eg har planar om å setje opp ein eigen nettbutikk, seier han.

Heime på garden syner han noko av varelageret. I fjor selde han over 400 jekkestropper.

– Eg trivst med å kjøpe og selje. Eg har handla inn ting som ikkje har selt like godt, men ein prøver seg fram og gjer seg sine erfaringar, held han fram.

Valldølen går ein travel sommar i møte som entreprenør, sagbrukar, kramkar og nydyrkingsmann.

– Eg trur det blir dårleg med ferie i år også, humrar Kjelleberg.