Det er venta mange gamle traktorar til utstillinga og konkurransen om den mest imponerande veterandoningen på Eikerapen.

Mønstrar veteranbilar, traktorar og gamle motorsyklar

Festivalen på Eikerapen samlar også veterankøyretøy i eit omfang som dei færraste har sett maken til.

Her blir både gamle traktorar, motorsyklar og veteranbilar vist fram, og det blir premiering til den mest imponerande doningen etter at juryen har vurdert deltakarane.

Festivalprogrammet er elles spekka av aktivitetar for folk i alle aldrar. Frå hesteskokasting og riding til øksekasting skal folk få boltre seg i meir eller mindre uhøgtidlege konkurransar med premieringar etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den svært musikalske familien Stulien Robstad kjem til Eikerapen laurdagen og gir publikum smakebitar av folkemusikken frå Setesdal gjennom song og stev til tonar på både fele og munnharpe.