Fyrste omikrontilfelle på Evje

I går fekk Evje og Hornnes kommune melding om ein positiv PCR-test for covid-19. Analysen av testen viste at det ikkje er deltavarianten. I dag fekk kommunen stadfesta at det nå er påvist eit tilfelle av omikronvarianten i kommunen.

Nærkontaktane til den smitta vart sett i karantene i går ettermiddag. Desse tok alle sjølvtest, men resultata viste då negativt svar. Kommunen ber alle som var innom Maskinsalg på Evje onsdag 8. desember om å passe på symptom på smitte, og ha låg terskel for å teste seg.

I dag testa to personar positivt på sjølvtestar, og dei fekk deretter tatt PCR-test på legesenteret. Dei blir sendt til analyse på sjukehuset, og svaret på desse er venta i morgon. Begge personane har kjent smitteveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Servicekontoret på Evjemoen leverer ut sjølvtestar som er bestilte på nett, og på legekontoret kan folk bestille ordinær koronatest.

Sjølvtestar i Bygland

I Bygland vart det stadfesta eit smittetilfelle av covid-19 på fredag. Den smitta var alt isolert etter positiv sjølvtest, og nærkontaktar vart kontakta.

Sjølvtestar i Bygland er å få tak i ved å kontakte legekontoret på dagtid, og Byglandsheimen eller Byglandsfjord base sør på kveldstid og i helga.

Les også
Massevaksinasjon i Evjehallen tysdag 21. desember