Det kan bli oppretta eit oppfølgingsteam, FACT-team for alvorleg psykisk sjuke i Setesdal. Sigrun Horrisland (f.v.), Bodil Bakkan Nielsen og Gro Berit Straum vil høyre frå dei som kan ha behov for slik oppfølging. (Foto: Ellen Benum)

Muleg nytt tilbod til alvorleg psykisk sjuke

Det er langt til spesialistar for alvorleg psykisk sjuke i Setesdal. LMT Setes-dal og spesialisthelsetenestene ønskjer difor å opprette ein digital modell av eit oppfølgingsteam. Målet er å hjelpe alvorleg psykisk sjuke over tid i kriser og i psykiatrisk behandling.

Fleksibelt tverrfagleg oppfølgingsteam (FACT-team) har mange stader i landet vist seg å vere til god hjelp for personar som slit med alvorlege psykiske lidingar. Kommunane og spesialisthelsetenestene arbeider saman om å gje behandling til personar som slit med alvorleg psykisk sykdom eller alvorleg rusavhengigheit.

–Mange av dei som slit med psykiske helseutfordringar tar ikkje kon-takt med tenestene eller får nødvendig hjelp frå eit slikt tverrfagleg te-am, fordi dei ikkje veit kven dei skal kontakte for å få hjelp, seier prosjektleiar Bodil Bakkan Nielsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukarrepresentant Sigrun Horrisland frå Mental Helse Agder legg til:

–Det er faktisk slik at pårørande opplever å stå aleine om å hjelpe sin son eller dotter, ei hjelp som dette prosjektet nå skal kartlegge om det er behov for i Setesdal.

Ho understrekar at det kan vere eit livsviktig tilbod for dei det gjeld.

«Spesialisten i lomma»

På grunn av lange avstander i Setesdal, vil det vere meir hensiktsmessig med ei digital løysing som LMT Setesdal kallar for å ha «spesialisten i lomma».

Både brukaren og behandlaren frå kommunen møter dermed spesialisten på ein skjerm når det er behov. Kommunen sitt FACT-team skal ha daglege møte med sjukehuset der spesialistane er, noko som også er med på å sikre gode digitale verktøy.

Langvarige og alvorlege utfordringar

Gro Berit Straum er koordinator i LMT Setesdal, og følgjer den nasjonale opplæringa i FACT saman med tre andre tilsette frå Setesdal:

–Målgruppa må ha langvarige og alvorlege psykiske helseutfordringar og/eller ei blanding av både rusavhengigheit og psykiske helseutfordringer. Dei må også kunne nyttiggjere seg av teamet sin kompetanse og fagpersonar. Men målgruppa kan vere vanskelege å nå fram til fordi dei kan isolere seg i heimen, seier Straum.

Prosjektgruppa treng difor innspel frå folk og tenestene i Setesdal for å utgreie mulegheita for å opprette FACT-team i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Det er eit ømtåeleg tema, så me vil understreke at det aldri vil kome ut namn på dei som tek kontakt eller dei det gjeld i det heile tatt, seier Sigrun Horrisland.

Prosjektgruppa oppfordrar spesielt brukarar og pårørande til å ta kontakt med anten brukarrepresentant Sigrun Horrisland frå Mental Helse, prosjektleiar Bodil Bakkan Nielsen eller koordinator psykisk helse og rus i Setesdal, Gro Berit Straum.