Hildeborg Homme, Marianne Brenna Homme og Kim Pedersen, alle Ap.
Hildeborg Homme, Marianne Brenna Homme og Kim Pedersen, alle Ap.

Nedlegging av Hylestad skule skal ut på høyring

Fleirtalet i Valle kommunestyre meiner at tida har kome for å legge ned Hylestad skule. No skal saka på høyring.

Under kommunestyremøtet i går kveld kom Hildeborg Homme (Ap) med framlegget som vann fram. Der heiter det at saka skal på høyring og at alt skal avgjerast i levekårsutvalet og sidan kommunestyret i februar neste år. SFO og barnehage skal bestå i Hylestad, og Setesdal folkehøgskule får tilbod om å overta bygningsmassen til Hylestad skule gratis.

– Har vist mot

– Nedgangen i elevtal blir ei stor utfordring for både tilsette og elevar. I små klassar kan den sosiale biten bli avstumpa. Det går ut over både leik og læring, sa Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hildeborg har vist mot som har teke opp denne saka. Ho har sagt noko mange av oss har meint, men ikkje har våga å seie. Ho la hovudet på blokka, og skal ha kyt for motet sitt, meinte Olav Hovet (H).

– Etter skuleåret

Sissel Åkre (V) kom med framlegg om at ein vurderer nedlegging etter inneverande skuleår. Bakgrunnen for begge framlegga er nedgang i elevtalet. Åkre peika også på utfordringar med å sikre god nok kvalitet i undervisninga når skulane blir for små, og den økonomiske situasjonen i kommunen.

– Utan nedlegging kan økonomien spele inn negativt ved begge skulane, sa Åkre.

Ingen skal seiast opp

I røystinga støtta eit fleirtal på 11 framlegget til Hildeborg Homme, medan 4 støtta Åkre sitt framlegg. No skal altså ei nedlegging av Hylestad skule på høyring, og rådmannen må kome med ei sak til levekårsutvalet 13. februar neste år. Kommunestyret får siste ord i saka 27. februar.

I vedtaket er det altså konkludert med at Setesdal folkehøgskule skal få tilbod om Hylestad skule vederlagsfritt. Det står ingenting om at dette er på vilkår om at høyringa og prosessen elles ender med ei nedlegging, men det må det jo vere. Ingen skal seiast opp om skulen blir lagt ned.

– På programmet i 8 år!

Sissel Åkre la ikkje skjul på at ho var litt betutta då skulesaka vart drøfta.

– Eg ser jo at her får Hildeborg all  ære, og hadde vel ikkje venta anna. Eg vil likevel minne om at Venstre har hatt nedlegging av Hylestad skule programfesta i to kommunestyreperiodar, sa Sissel Åkre.