Prisvinnar Nora Hoslemo og utdelar Else Gyro Rysstad. Foto: Privat

Nora på pallen i skrivetevling

Kvart år skipar mållaga på Agder til skrivetevling retta mot elevar i 9.- og 10. klasse. Nora Hoslemo ved Bykle barne- og ungdomsskule vart tredje best i sin klasse.

Alle skulane i Agder kan delta i tevlinga, men det var fyrste året Bykle deltok. Nora Hoslemo valde oppgåva «Meldt sakna», der ho skulle skrive ei novelle om ei forsvinningssak med ein overraskande slutt. Teksten vart plukka ut som ein svært sterk prestasjon blant mange innsendte oppgåver.

Nora fekk diplom og 1500 kroner frå mållaga på Agder etter å skrive seg til ein tredjeplass i tevlinga. Else Gyro Rysstad møtte på vegne av mållaga for å dele ut premie og diplom.