Frå no av skal pasientar sleppast inn i Evje legesenter ein og ein. Tiltaket har kome etter at ein mann pressa seg inn der tysdag og kom med trugsmål mot dei tilsette.

No er dørene til Evje legesenter låst

Tysdag pressa ein mann seg inn på Evje legesenter og kom med trugsmål mot dei tilsette. Vedkomande truga mellom anna med å smitte dei med korona. No er tryggleiken ved legesenteret skjerpa.

Evje og Hornes kommune har no innført sikringsrutinar som mellom anna inneber at inngangsdørene til legesenteret er låste.

– Ein og ein pasient kjem inn, skriv ordførar Svein Arne Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også innført andre tiltak som ikkje er offentlege, alt for å auke tryggleiken for dei som kjemper i første rekke mot pandemien.