– No må me halde trykket oppe!

– Me har vore heldige til no her i dalen, og folk har respekt for dei ulike tiltaka i kampen mot korona. No meir enn nokon gong er det viktig å halde trykket oppe, seier kommuneoverlege i Bygland og Evje og Hornnes, Åsulv Horverak.

Horverak ber folk om ikkje å tru at me er «over bøygen» om smittetala i Setesdal er låge.

– Me har langt frå nådd toppen, og må fylgje retningslinene lenge enno. Bare slik kan me kjempe mot pandemien. Det er heilt avgjerande at alle er med på den nasjonale dugnaden, slår kommuneoverlegen fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ting time!

Åsulv Horverak seier til Setesdølen at det også er viktig at folk med ulike helseutfordringar prioriterer dette også i korona-tider.

– Skal nokon ha ein sjekk eller ei undersøking må ein gjennomføre dette sjølv om me er inne i ein situasjon som no. Då er det viktig at folk tingar time hjå fastlegen sin. Ein må ikkje gløyme den generelle helsa om ein har eit korona-utbrot, seier Åsulv Horverak.