Norsk Rikstoto slepp statsavgifta på totalisatorspel for heile 2020

Regjeringa kom i dag med forslag for Stortinget om å la Norsk Rikstoto sleppe å betale statsavgifta på totalisatorspel for heile 2020. Det vil vere heilt avgjerande for hestesporten i den økonomisk svært krevjande situasjonen etter at alle tråvbanane i Noreg vart stengde.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Landbruksdepartementet i dag. Argumentasjonen for fritaket frå denne avgifta er koronasituasjonen som har ført til eit massivt inntektsbortfall for tråvsporten. Dette ville dei neste par månadane kunne ha truga vidare drift ved tråvbanane, og ført til styrt avvikling eller konkurs.

– Eg er oppteken av å hjelpe hestenæringa i denne vanskelege tida. Gjennom å frita Norsk Rikstoto frå plikt til å betale totalisatoravgift i 2020, vil regjeringa ytterlegare avgrense dei negative konsekvensane av den pågåande koronasituasjonen for norsk hestesport, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

I 2019 måtte Norsk Rikstoto betale 125 mill kr i statsavgift.

80 mill. kr for 2020

Statsavgifta er på 3,3 % av bruttoomsetninga. Når det ikkje blir spelt på tråvløp i Noreg er Norsk Rikstoto avhengig av å sende tråvløp frå andre land. Difor vil omsetninga for 2020 gå noko ned, men statsavgifta er framleis rekna til ein så høg sum som 80 millionar kroner i år. Dersom situasjonen endrar seg i Noreg eller Sverige, kan denne summen bli påverka den eine eller den andre vegen.

– Det er grunn til å vere nøgde med det arbeidet som landbruks- og matminister Bollestad og finansminister Sanner no har gjort. Det vil vere til stor hjelp for økonomien i hestesporten å sleppe desse kostnadene, seier nestleiar i Rikstoto-styret, Torbjørn Frøysnes.