Sveinung Attestog har disputert med avhandling innanfor forskingsområdet mekatronikk i ingeniørvitenskap. (Foto: Privat)

Ny doktor i mekatronikk frå Lauvdal

Sveinung Attestog (28) disputerte ved UiA med doktorgradsavhandling om feilsøking av elektriske motorar. Attestog som stilte i dalebukse, kjente grillinga frå opponentane godt. – Dei skal jo utfordre oppgåva, så eg må innrømme det vart litt varmt i skinnfo, seier han.

Attestog har skrive både bachelor og master innanfor fornybar energi ved Universitetet i Agder. Han har så følgd doktorgradsprogrammet ved Fakultet for teknologi og realfag ved UiA, med spesialisering i ingeniørvitenskap, forskingsområde mekatronikk.

Prøveforelesinga og disputasen på UiA i Grimstad sist veke gjekk etter planen, og han er nå doktor i mekatronikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjekk strålande det. Eg fekk god skryt frå opponentane. Også vener og familie var imponerte, sjølv om dei ikkje skjønte nokon ting, seier Attestog med eit smil.

Opponentane utfordra Attestog på fleire område ved oppgåva, men han opplevde også at fagfeltet han nå har god kompetanse innanfor vart framheva på ein god måte.

– Dei skal jo både utfordre oppgåva og prøve å framheve det som er bra. Det handlar jo også om å bevise at det faktisk er eg som har skrive oppgåva. Så det vart litt varmt i skinnfo, seier Attestog.

Emne for prøveførelesinga han heldt var «Offline testing of synchronous machines for diagnostic purposes» og avhandlinga er «Modelling and Detecting Faults of Permanent Magnet Synchronous Motors in Dynamic Operations». Avhandlinga og forskingsartiklane ligg ute på UiA.no, og kan lesast av alle interesserte.

– Som eit geværskot frå laben

Attestog har brukt dei siste fire åra på forsking innanfor mekatronikk, og då er det nødvendig med både teoretisk og praktisk kunnskap. Difor har det blitt ein del tid på laben for å kunne arbeide med feilsøking i praksis.

– I mitt fagfelt er det ikkje berre likningar og teoretisk ein arbeider. Det hjelper lite med flotte likningar viss ikkje motoren virkar i praksis, så det er mykje labarbeid, seier Attestog som også kan avsløre at ikkje alt har gått etter planen på laben.

– Ein morgon så smalt det! Det var som eit geværskot som gjekk av laben, og masterstudentane i etasjen over fekk nok sjokk. Ein komponent i testoppsettet med straumtilførsel kortslutta og det vart eit kraftig smell, fortel han.

Postdoktor i Setesdal

I dag bur Attestog i Grimstad, og arbeider i Trainee Sør og er utplassert hos Agder Energi Nett. Han ser nå føre seg å arbeide innanfor Agder Energi Vannkraft, der han forhåpentlegvis får arbeid i Setesdal som postdoktor med feilsøking av generatorar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håper i alle fall at eg då kan vende heimover til Setesdal. Er det ein ting pandemien har lært oss, er det at heimekontor også kan fungere veldig godt og gjere oss meir fleksible. Eg ser lyst på framtida med tanke på å dermed kunne busette meg i Setesdal, seier Attestog.