Ny skulestruktur i Bygland?

Mellomtrinnet på Byglandsfjord Oppvekstsenter kan bli flytta til Bygland. Det tilrår i alle fall Telemarksforsking i ein fersk rapport om skulestrukturen i Bygland kommune.

Kommunestyret har bede kommunedirektøren legge fram ei utgreiing for å vurdere framtidig struktur og ressursbruk i oppvekstsektoren i Bygland. Telemarksforsking har gjennom sitt arbeid vore ekstern hjelp til utgreiinga og la nyleg fram sin rapport.

Der går det mellom anna fram at ei flytting av 5.-7. klasse frå Byglandsfjord vil kunne gje innsparingar på 0,3-0,5 årsverk i mellomtrinnet, altså 200.000-350.000 kr per år. Flyttinga vil også redusere behovet for administrative ressursar på Byglandsfjord. Behovet blir då 1 årsverk som tenesteleiar i administrativ ressurs, fordelt mellom 60 % som rektor og 40 % som styrar i barnehagen. Då vil ein kunne gå ned 0,9 årsverk, som vil gje ei innsparing på omlag 750 000 kr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei auka skysskostnadane som kommunen vil få dersom elevane skal opp til Bygland blir på omlag 70.000 kr per år.

Større og betre?

Flyttinga vil føre til eit større miljø for elevane, og eit større fagmiljø for lærarane som blir fleire pedagogar på ein stad.

Bygland og Byglandsfjord ligg geografisk så langt frå kvarandre at Telemarksforsking konkluderer med at det ikkje vil vere hensiktsmessig å ha ei felles leiing, sjølv om dette også kunne ført til innsparingar.

Rapporten slår også fast at fleire administrative oppgåver som skulane gjer i dag, kunne ha blitt samla på kommunehuset. Difor blir det tilrådd å auke stillinga til pedagogisk rådgjevar frå 80 til 100% stilling. Dei auka kostnadene vil vere 170.000 kr i året.

Totalt vil dei føreslåtte tiltaka kunne gje ei årleg innsparing på mellom 710.000 kr og 860.000 kr.

Kommunedirektøren har nå fått rapporten på bordet, og foreldreutvalet (FAU) vil få kome med innspel før saka kjem opp i kommunestyret.