Nytt korona-tilfelle oppdaga i Evje og Hornnes

Onsdag vart eit nytt korona-tilfelle oppdaga i Evje og Hornnes kommune.

Kommunen har no starta kartleggjing av situasjonen og smittesporinga er sett i gang. Den smitta personen skal ha sin arbeidsstad i Kristiansand, men bur altså i Evje og Hornnes. Vedkomande skal ha teke rutebuss ned til byen og heim måndag 25. januar.

«Dette var linje 170 fra Evje til Kristiansand kl. 06:45, og retur fra Kristiansand til Evje kl. 15:15. Passasjerer på disse avgangene må følge godt med og teste seg hvis de får symptomer», skriv Evje og Hornnes kommune på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem i karantene

I Evje og Hornnes kommune er fem personar sett i karantene og 54 er i avventande karantene, opplyser kommunen.

Barnehage og barneskule i Hornnes er råka, fordi familiemedlemmer til den smitta er tilknytta desse. Elevar og tilsette i 6. klasse er satt i avventande karantene fram til prøvesvara er klare. Det same gjeld barn og personale på to avdelingar i Hornnes barnehage.

Det er ikkje klart om personen som no er stadfesta smitta har fått påvist det opphavelege Covid 19-viruset eller om det er ein av dei muterte versjonane det er snakk om.

Hornnes-elev ikkje smitta

Ein elev ved skulen i Hornnes vart testa og er stadfesta ikkje smitta. Det betyr at elevar og tilsette ved Hornnes barneskule som har vore i avventande karantene no kan på jobb og skule att. Når det kjem til prøvene tekne av tilfella knytta til Hornnes barnehage og Evje ungdomsskule, er situasjonen framleis uavklart. Alle som er sett i avventande karantene, skal bli verande i karantene til ein høyrer noko anna.