Eit tilfelle av korona i Evje og Hornnes

Ein person er sett i isolasjon i Evje og Hornnes etter at han fekk påvist korona torsdag ettermiddag. Dei fem nærkontaktane som vart sett i karantene har fått berre negative prøvesvar tilbake. Smitten har så vidt ein kjenner til altså ikkje spreidd seg.

I går vart det påvist eit nytt smittetilfelle i Evje og Hornnes, opplyste kommunen på sine nettsider. Personen som er smitta har nyleg kome til kommunen, og difor er talet på nærkontaktar her lågt. Dei fem nærkontaktane som vart sett i karantene vart testa på torsdag, men prøveresultata som var klare fredag viser at dei ikkje har blitt smitta.

Kommunen opplyser at situasjonen er under kontroll, og at den smitta blir tatt vare på av kommunehelsetenesta.