UTE: Dei to elevane set pris på å kunne vere ute og sjaue i staden for å sitje bak ein pult, Gaute Libjå (t.v.) og Oliver Lund Rotabakk.

– Nyttig når eg tek over garden

– Det er ikkje så mange andre eg kjenner som er interessert i naturbruk, men eg ser veldig nytten av det når eg tek over garden heime, seier Oliver Lund Rotabakk frå Trøndelag.

Han fortel at han har fått interessa frå far sin, og at det er nyttig å kunne drive i skogen når han tek over garden han kjem frå.

Dei to elevane på naturbrukslinja på KVS-Bygland demonstrerte mellom anna kvisting av tre for ungdomsskuleelevane som var på naturbruksdag på Bygland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gaute Libjå frå Fyresdal fortel at der han kjem frå, er han ikkje åleine om å interessere seg for å vere i skogen.

– Det er mykje betre å få vere ute, enn å sitje heile dagen i eit klasserom, seier dei to gutane som ser fram til også å kunne gå ut i eit praktisk arbeid.

Auka interesse for naturbruk

Inspektør på KVS-Bygland, Jon Gunnar Kjetså fortel at interessa for naturbruk har tatt seg opp siste tida.

– I år er me heilt fullt hus, og ser at naturbruksinteressa har auka, seier Kjetså.

Han fortel at mange tenkjer at dei ved å gå på naturbruk låser seg til ein smal veg, og at det berre er for dei som skal bli bønder eller har skog.

– Slik er det ikkje. I tillegg til dei mulegheitene som faget gir, så går det jo an å ta høgare utdanning etter studieførebuande vg3 naturbruk, seier han.