To koronasmitta på Hovden

Bykle kommune fekk i går påvist to nye smittetilfelle av covid-19. Dei smitta sit no i isolasjon på ei hytte på Hovden.

Kristiansandarane skal ha vore på haustferie på Hovden, og fekk påvist smitte tysdag. Dei to smitta er ein gut og far hans. Smittesporinga i Bykle kommune har gått føre seg i samarbeid med Kristiansand kommune, som er heimkommunen til desse.

Ber folk vere årvakne

Nærkontaktar vart hovudsakleg kartlagt i løpet av dagen. Bykle kommune ber alle fastbuande og gjester på Hovden om å vere ekstra årvakne når det gjeld å oppdage symptom på smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er totalt registrert fem smittetilfelle i Bykle kommune sidan utbrotet av korona i mars. Sist tilfelle vart registrert i slutten av august.