Ole Ivars-vokalist på Byglandsheimen
«Jag trodde englarna fanns» eller «En får væra som en er» og mange, mange fleire av Ole Ivars-gruppa sine mest kjende låtar fekk det til å svinge både i storstova og i korridorane på Byglandsheimen denne onsdags ettermiddagen då sjølvaste vokalisten i Ole Ivars, Tore Halvorsen drog til med både «Kongen på campingplassen» og «Nei, så tjukk du har blitt» på sjukeheimen i Bygland.
Det vart verkeleg ei oppkvikkande hyggestund for både pensjonærane og dei tilsette som alle nynna med og let seg engasjere i dei friske refrenga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter over 30 år i det populære dansebandet frå Hedmark, har Tore Halvorsen (74) skapt seg ei ny karriere som soloartist på turne til institusjonar landet rundt. På Bygland i ettermiddag gjorde han verkeleg lukke, og både tilsette og dei som bur på heimen gav uttrykk for at dei sette stor pris på dette hyggelege innslaget i kvardagen.