Politikontakt Dag Hovden er bekymra for oppblomstringa av kokainbruk i Valle og på Evje.

Openlys bruk av kokain på fest i Valle og på Evje

–Kokain har blitt omfamna blant enkelte i midten av 20-åra. Men me har også fått tips om tilfelle ned i 16-årsalderen. Det er openlys bruk av stoffet, seier Dag Hovden i politiet. Kokainbruk på fest har blitt eit problem i Valle og på Evje.

–Det er eit samfunnsmessig trekk at kokain stadig meir er godtatt i nye miljø, men det er ei uønska utvikling me vil stoppe, seier Hovden.

Særleg er han uroa for konsekvensane når fleire unge blir vitne til kokainbruk på fest.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Me fryktar at yngre som går på fest skal bli introduserte for stoffet, seier Hovden.

Politiet ser ei bekymringsverdig utvikling av stoffbruk i Setesdal. Det kan tyde på at det er Valle og Evje som opplever dei største utfordringane nå.

Nye brukarar

–Det er meir enn 10 personar i desse to kommunane som for oss er nye brukarar.

På Evje fortel Hovden om eit etablert rusmiljø, men der ein i det siste har sett ei oppblomstring av kokainbruk også blant andre.

–Det er gjerne i kombinasjon med alkohol, seier han.

Bruken er ikkje lenger i ein klikk bak lukka dører.

–Før oppfatta me det som noko som skjedde blant nokre få i det skjulte. Nå blir det meldt frå om openlys bruk, seier Hovden.

Motstand i bygda

I lokalsamfunnet i Valle skjer det nå ei mobilisering blant bygdefolk. Han fortel om mange uavhengige kjelder som har meldt frå om at dei har sett bruk av kokain.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Folk frontar motstand og viser at dette ikkje er noko ein aksepterer. Det er me veldig glade for, seier Hovden.

Han meiner likevel det er viktig å ikkje skyve folk ut i kulda.

–Det er positivt at nokre har klare standpunkt, men me skal ikkje ha eigenjustis. Det er viktig at folk kjem med opplysningar dei har til politiet, seier Hovden.

–Me må unngå at nokre blir dømt - og fordømt, seier han.

Inn til politiet

Han meiner at ein må ta tak i problemet for å hjelpe dei som har tatt dårlege val. Då er det viktig å prate saman om temaet. Foreldre bør prate med ungdommane sine, og dei som treng hjelp må bli ivaretatt. Politiet har hatt samtale med nokre av dei som har blitt tipsa om, og kjem til å ha fleire. I nokre tilfelle formidlar dei hjelp gjennom helsevesenet.

Interesserte i omsettarar

–Etter rusreformen er me mindre opptekne av å avdekke bruk, men meir av omsetting. Me er spesielt interesserte i omsettarar, og etterforskar dette, seier Hovden og legg til:

–Sal av narkotika er framleis ei alvorleg sak.