Ein del potter, reidskap og ulike småting står alt klart i butikken til Odden Plantemarked på Evje. Dei fyrste blomane og plantene kjem denne veka, så går det slag i slag før opning laurdag 1. mai. –Det blir mykje rosebuskar, stauder, sommarblomar og hagereidskapar, seier Camilla Nilsen.

Opnar hagesenter på Evje

–Eg har alltid drøymt om å drive butikk, og når det er noko eg er så interessert i som dette, så trur eg at eg kan halde på i mange år, seier Camilla Nilsen. I mai opnar ho Odden Plantemarked, og der skal det bugne av blomar og planter.

Snikkarar og gode hjelparar er i sving med siste finpuss når Setesdølen kjem på besøk til hagesenteret. Ein skiljevegg skal opp i butikken, og ute tar Camilla ein runde i hagen der det snart er fylt opp med planter og blomar.

–Det blir mest utval ute. Inne blir det ein liten butikk med hekksakser, potter, reidskap og anna som trengs til hagen, seier Camilla Nilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ute blir det rik tilgang på buskar, tre, stauder og sommarblomar.

–Her kjem det meste til hagen. Det blir ikkje inneblomar, sidan det alt er to blomebutikkar på Evje, seier Nilsen.

Knut Egil Nilsen Tveit (1,5) var med mor si på ein rundtur i Odden Plantemarked, både i butikken som snart skal opne og i Odden Hage.

Gartnarbakgrunn

Ho har bakgrunn frå landbruksskule, og har arbeidd som gartnar ved Odden Hage dei fire siste åra. Dette har ho kombinert med arbeid i daglegvarebutikk på Evje. Nå ligg det an til å bli planter, blomar og vekster på fulltid for gartnaren frå Grimstad.

Ho har busett seg på Tveit i Hornnes, på eit gardsbruk der ho også har drive litt med sal av tomatar, agurkar, blomkål og brokkoli. Dei kortreiste grønsakene frå garden vil ho også by fram på hagesenteret, i det ho kjem til å kalle ”Bondens hjørne”. Men fyrst skal alt til hage og uteområde på plass i butikken før opning.

Vil tilsette fleire

–Eg gler meg veldig til å kunne opne, og håper på god respons, seier ho.

I fyrste omgang blir Nilsen åleine om drifta, men ho håper å kunne tilsette folk etterkvart dersom det blir travelt.

Odden Plantemarked kjem til å vere opent tre eller fire dagar i veka i starten, men planen er sidan å utvide opningstidene dersom interessa tar seg opp. Det vil vise seg når hagesenteret opnar i mai.

–Eg håper mange kjem på opninga, og då lovar eg både gode tilbod og litt servering!

Artikkelen held fram under annonsen.

–Mange spør etter plantene som er her i Odden Hage, så me kjem til å ha ein del av desse for sal, seier Camilla Nilsen.