11 elevar ved KVS Bygland er stadfesta korona-smitta.

11 ved KVS Bygland har fått påvist smitte

11 personar ved KVS Bygland har fått stadfesta korona-smitte. Talet kan kome til å auke. Sundag opna Bygland kommune testsenteret ved legekontoret. 34 personar testa seg då. Ein fekk påvist smitte. Tysdag er status at 11 sit i isolasjon, og 18 i karantene.

Måndag ettermiddag vart det teke testar av ytterlegare sju personar. Svaret på testane er venta tysdag ettermiddag.

– Me har ikkje full kontroll på kven smitta elevar har vore i kontakt med, men mykje tyder på at smitten har heldt seg innanfor skulen, seier Byglands-ordførar Sigbjørn Åge Fossdal. Like før helga reiste mange KVS-elevar heim. Fleire av dei må no teste seg på heimstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittesporing

Smittesporinga held fram i Bygland.

– Ein skal vere klar over at kjelda til dette alvorlege utbrotet ikkje er kjent. Kriseleiinga i Bygland kommune fylgjer situasjonen fortløpande, og me avventar testsvar før me veit om endå fleire må i isolasjon eller karantene i dei næraste dagane, seier Byglands-ordførar Sigbjørn Åge Fossdal.

Smitta var innom Milano Pizza & Kebab

Ein av dei smitta KVS-elevane var innom Milano Pizza & Kebab i Evje sentrum onsdag 7. april. Kommuneoverlegen i Bygland og Evje og Hornnes oppmodar alle som var innom der den dagen om å teste seg. I Evje og Hornnes har ein person med tilknytning til utbrotet på KVS fått stadfesta smitte. Det er no to stadfesta smitta i kommunen. 16 sit i smittekarantene og 19 i ventekarantene.