Auksjonarius og primus motor for Ukraina-aksjonen i Bygland, Olav Grendstad og Guro Kvaale Skibsrud i sving med å by ut varer til ein godt besøkt sal i Bygland kulturscene. (Foto: Geir Daasvatn)

Overveldande respons på Bygland: Fekk inn 200.000 kr til Ukraina

Ukraina-innsamlinga på Bygland i førre veka vart ein stor suksess. Etter auksjon og basar i kulturscenen kom det til saman inn rundt 200.000 kroner.

Rundt halvparten kom på vipps både under og før sjølve auksjonen i Bygland kulturscene, men resten kom sjølve auksjonskvelden som bod på alt frå biletkunst til antikvitetar, møblar og husgeråd og åresalg. Større og mindre ting gjekk lett unna i ein sal der gjevargleda var stor og stemninga førsteklasses.

Det var også kulturinnslag ved Ole Christian Carlsen (song) og Svein Kleivane (diktlesing).

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk omgåande respons

På førehand var det bede om ting som kunne loddast ut eller auksjonerast bort. Responsen vart så overveldande at arrangørane nesten måtte be folk om å begrense seg. Før sjølve auksjonskvelden var det i alle fall klart at dei hadde fått inn meir enn det dei trong for å arrangere ein flott Ukraina-auksjon.

Dei innsamla midlane går til Røde Kors sitt humanitære arbeid i det krigsherja landet. I morgon blir det UKM-konsert i Valle der det også blir samla inn pengar til denne aksjonen.