Rune Gokstad (t.v.) og Øystein Bache, kjende humoristar i NRK, på veg frå Lindesnes til Nordkapp i bil som blir lada av aggregat som går på frityrolje! Turen tok til tysdag, og onsdag tok karane seg tid til ein prat med Setesdølen på Bygland. Foto: Ole Birger Lien

På veg til Nordkapp på frityrolje!

Dei så kjende Bachstadgutane på NRK, Øystein Bache og Rune Gokstad, skal køyre i ein gamal postbil som blir lada av aggregat som går på frityrolje frå Lindesnes til Nordkapp i sommar. Onsdag stoppa dei i Bygland.

Der var dei ein sving oppom Elgtun i Grendi før vegen gjekk vidare til Sølvgarden hotell i Hylestad. I Bygland tok dei seg tid til ein prat med Setesdølen.

– Me får ikkje dra ut av landet på tur i år på grunn av korona, og me skal lage ein serie som går på NRK frå midten av august. Då vart ein tur på heimebane løysinga, seier karane.

Planen er å køyre om lag 15 mil om dagen. Dei skal vere framme på Nordkapp tidleg i juni.

– Så blir det klypping og redigering gjennom sommaren, seier Rune Gokstad.

Må ha nok frityrolje

På sin veg oppover landet må dei to innom mange nok gatekjøkken til å sikre nok frityrolje til aggregatet.

– Me ser for oss at somme stader kan det bli ei utfordring. Men ei utfordring var det me ville ha, smiler Øystein Bache.

Dei har tenkt å overnatte enkelt, det vil seie i telt på oppblåsbare liggeunderlag.

– Me skal kome oss til mål utan å bruke fossile brennstoff, og så enkelt som råd, slår Øystein Bache og Rune Gokstad fast.