Ingebjørg Godskesen har ikkje gløymt Setesdal om ho er ute av Stortinget. Som fylkespolitikar for Pensjonistpartiet er ho i Valle i dag, og vil gjerne gjere ein innsats for Setesdal i det nye Agder fylkesting.
Ingebjørg Godskesen har ikkje gløymt Setesdal om ho er ute av Stortinget. Som fylkespolitikar for Pensjonistpartiet er ho i Valle i dag, og vil gjerne gjere ein innsats for Setesdal i det nye Agder fylkesting.

Pensjonistpartiet har møte i Valle

I ettermiddag er Pensjonistpartiet med stand utanfor Coopp i Valle frå kl. 14.30 til 16.30. Etterpå inviterer partiet sin fylkesordførarkandidat, Ingebjørg Godskesen og gode hjelparar til møte i Sæbyggjen (Valle bibliotek) kl. 17. Der vil den tidlegare stortingsrepresentanten for Framstegspartiet orientere om Pensjonistpartiet sitt partiprogram og ta imot spørsmål frå veljarane.

-Pensjonistpartiet ville gjerne hatt kommunevalliste også i Valle, for det er mange som støttar oss her, men me fekk ikkje nok kandidatar som var villige til å stå på lista. Difor måtte me gje det opp, men folk i Valle kan støtte oss ved å stemme på Pensjonistpartiet ved fylkestingsvalet, seier ho.

Ingebjørg Godskesen var som stortingsrepresentant ein viktig støttespelar for Setesdal i arbeidet for å utbetre riksveg 9 med gul stripe like til Hovden. Ho fekk også gleda av å rive bomstasjonen ved Hekni då den nye blåblå Solberg-regjeringa hadde tatt over for 6 år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Setesdal er framleis i mitt hjarte. Difor trur eg at eg som fylkespolitikar kan gjere ein innsats for dalen i det nye Agder, seiuer Ingebjørg Godskesen.

På møtet i Valle i ettermiddag vil ho ha med seg Ingebjørg Sagneskar Austenå, tidlegare kommunekasserar og aktiv småbrukarlagsleiar som også står på for Pensjonistpartiet.