Personar med tilknytning til Bygland kommunehus var ikkje smitta

Personane med tilknytning til kommunehuset i Bygland som hadde vore i kontakt med korona-smitta har ikkje sjølv fått sjukdomen. Det vart stadfesta seint tysdag ettermiddag.

Budsjettmøtet i Bygland kommunestyre sist veke vart utsett då det kom fram at ein eller fleire personar med tilknytning til kommunehuset hadde hatt kontakt med folk som hadde fått påvist smitte. Kommunen sette krisestab.

Ikkje smitta

Seint tysdag kveld vart det stadfesta at dei aktuelle personane ikkje er smitta av korona.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er faren over for denne gong, viss ein kan seie det i ein situasjon som den me er i landet rundt, seier kommunedirektør i Bygland kommune, John Sigridnes.

Krisestaben i kommunen vart avvikla måndag i denne veka, då hurtigtestane av dei aktuelle personane kom tilbake med negativt svar - det vil seie ingen smitte. Tysdag kom altså svara på dei ordinære testane. Dei stadfesta det hurtigtestane viste - null smitte.