Fylkesordførar Gro Bråten, Ap var på Evjeklinikken saman med Line Kysnes Vennesland for ei tid sidan, og lova auka støtte til skulen.
Fylkesordførar Gro Bråten, Ap var på Evjeklinikken saman med Line Kysnes Vennesland for ei tid sidan, og lova auka støtte til skulen.

Politikarane kappast om å støtte folkehøgskulen på Evje

Opposisjonen og fleirtalsalliansen i fylkesutvalet i Aust-Agder kappast nesten om å støtte folkehøgskule-prosjektet på Evje med så mykje midlar som råd var.

Fylkesrådmannen hadde i si innstilling gått inn for å løyve 500.000 kroner til skulen og prosjektet ”Ny livsstil - Ung folkehelse”. Etter framlegg frå fylkesvaraordførar Jon-Olav Strand, KrF vart dette auka til 750.000 kroner tysdag i denne veka. Vedtaket var samrøystes.

Det vart også samrøystes vedteke å oppmode Vest-Agder fylkeskommune til å løyve 250.000 kroner til skuleprosjektet på Evje.