Politiøving i Bykle

Politiet skal i haust utføre såkalla PLIVO-øvingar (pågåande livstrugande vald) i alle kommunane i Setesdal. I morgon har turen kome til Bykle.

I perioden mellom kl. 12-15 skal mannskap frå politi, brann og helse trene seg på fire ulike hendingar der livstrugande vald er tema. Øvingane kjem til å gå føre seg i Bykle rådhus og dessutan i ungdomsklubben i bygda.

Skal arbeide som normalt

– Tilsette med arbeidsplassen sin i rådhuset skal arbeide som normalt den dagen sjølv om øvinga går føre seg i bygget, seier beredskapsansvarleg i Bykle kommune, Vidar Johnsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det betyr at sjølv om ein ser politi og andre naudetatar i full utrykning i Bykle i morgon, er det altså berre ei øving og ingenting å bli bekymra for.