Det var rikeleg med gevinstar under basaren på Birkeland i Hægebostad nyleg. Tordis Verdal (t.v.) og Aslaug Mydland var blant drivkreftene bak arrangementet også denne gongen.

Populær basar i Hægebostad

– Basaren i Hægebostad nyleg til inntekt for drifta av møteplassen Huldra på Birkeland samla stor oppslutning. Resultatet vart førsteklasses, fortel Tordis Verdal som i mange år har vore ei av drivkreftene bak den populære samlingsstaden vegg i vegg med daglegvarebutikken på Birkeland.

Det kom inn over 34.000 kroner på åresal og trekning på loddbøker. På eit par kveldstimar var eit mylder av flotte gevinstar spreidde. Alt frå fruktkorger til gardiner og strikkevarer gjekk unna, og folk kosa seg med kaffi og kaker.

– Det var på høg tid å få inn litt inntekter att, seier Tordis Verdal som fortel om store faste driftsutgifter til å halde tilbodet gåande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå venstre Dagfinn Snartemo, til dagleg busett i Bergen, men trekte heim til elgjakt og basar på møteplassen Huldra. Vidare rundt bordet: Odd Jan Urevatn, Rolf Olav Hommen og Arne Eiken. Eiken kom like frå Trondheim for å vere med på basar på Birkeland.

Huldra samlar både kvinner og menn, men kanskje mest menn. Dei er der om føremiddagane kvar einaste dag, og om onsdagen er det også strikkekafe for kvinnene.

Mange gevinstar i denne kroken under basarkvelden på Tingvatn. Frå venstre: Tonny Eikeland, Sigrun Eikeland, Edith Ro og Gunnar Eikeland.

Karl Verdal (94) var styreformann for Huldra i mange år. Samlingsstaden har historie heilt tilbake til då Lill Haldis og Kjell Arthur Tveiten starta butikk i kombinasjon med kafe.

Framleis er det ein gåvebutikk vegg i vegg med Huldra. Den populære møtestaden byr på kaffi og vaflar, og hestetipping med 33 aksjonærar. Dette er ein stad som gjer at eldre folk kjem seg ut og treffer andre.

Sigurd Bryggeså trivst godt på basarkvelden på Birkeland.