Friidrettsresultata til Aanund Tveitå (18) frå Hornnes, her utanfor gymnaset i heimbygda, der han studerer idrett og realfag, har teke heilt av det siste året, med nye personelege rekordar i lengde gong på gong. No er persen hans vanvittige 7.52 meter - men det spørs kor lenge den får stå. Kravet til U20-VM neste år er 7.58, og Aanund er mota på ein tur til Colombia! Foto: Ole Birger Lien

Rekord på rekord for Aanund Tveitå!

Aanund Tveitå frå Hornnes har satsa på friidrett og prestert i tikamp i fleire år. Så har det teke heilt av med lengdehopp det siste året - med nye rekordar nesten kvar gong han har prøvd seg. Frå no av handlar det bare om å hoppe langt for 18-åringen!

Aanund tok til med friidrett så tidleg at han hugsar ikkje kva tid det var. Med ein far (Olav) som er trenar var det rett og slett idrett det handla mest om i heimen!

– Så blir det jo ein livsstil, og det er ein livsstil eg trivest med, smiler 18-åringen.

Setesdølen treff honndølen i ein pause på gymnaset i Hornnes. Der går Aanund 3. året vidaregåande, studiespesialisering i realfag og idrett.

Byks i Trondheim

I mange år har Aanund satsa på tikamp, med øvelsar som lengde, 1500 meter, stavhopp og kule. I fjor låg han langt over kravet for deltaking i EM, men meisterskapet vart avlyst på grunn av korona. Så har det likevel skjedd ting det siste året som har fått Aanund til å spisse alt av trening og krefter inn på lengdehopp. Det som har skjedd er enkelt og greitt at ungguten har teke heilt av! I UM i Trondheim hoppa han heile 7.33 meter. Det var ei forbetring av persen på 19 cm. Så, no nyleg, hoppa han 7.52 meter under senior-NM i Kristiansand.

– Det er moro å sjå resultata kome etter ein sesong der eg har vore litt skada. Når eg først fekk kome i gang att, vart det bra. Eg har blitt sterkare. Det gjer sjølvsagt noko med både fart og spenst, smiler Aanund.

Vil til Colombia

Det neste store målet for Tveitå er U20-VM i Colombia neste år. Kvalifiseringskravet er 7.58 meter.

– Det har eg absolutt tru på at eg skal klare. Så kjem det ikkje av seg sjølv, men med den progresjonen eg no har hatt må det vel vere lov å vere i alle fall litt optimist, ler han.

Aanund Tveitå går no altså siste år på vidaregåande skule. Kor han skal neste år har han ikkje bestemt seg for.

– Det einaste eg veit er at det blir full satsing på idretten. Eg har tenkt litt på om eg skulle flytte til USA, men har ikkje konkludert på noko enno. Lengdehopp blir i alle fall ein hovudsyssel same kor eg drar, seier den uvanleg spenstige 18-åringen Aanund Tveitå.