Det surrar av anleggsmaskinar på Neset Camping når mykje oppussing og vedlikehaldsarbeid blir utført i desse dagar som her i fjordkanten på nordsida inn mot Neset. Der er vasstanden enno låg før snøsmeltinga. Foto: Sigurd Haugsgjerd

Rekordmange i arbeid på Neset

-Her er det ikkje snakk om permitteringar. Eg har vel aldri hatt så mykje folk i arbeid som eg har akkurat no, seier Olav Neset på Neset Camping. Det surrar av anleggsmaskinar, lastebilar og grøftereinskarar over alt.

-Me får utført ein del oppryddingsprosjekt i fjordkanten.

Dessutan har me folk i sving med målingsarbeid og oppussing nesten på alle bygningar. Me går over heile bygningsmassen no som det er ei litt stille tid. Det er kanskje det mange burde gjere, seier Olav Neset med eit smil. Varaordføraren vågar ikkje å seie til sin eigen kommune: Versågod, gjer likeeins i desse permitteringstider!

-Nei, det vågar eg ikkje, for du veit, der er det ikkje pæning, seier han på veg til nye oppdrag.