Riksveg 9 opna att etter kollisjon på Flateland i Valle

Like etter klokka 18 torsdag kveld frontkolliderte to personbilar på riksveg 9 på Flateland i Valle. Ingen kom alvorleg til skade, men vegen vart stengt for ein periode. No er det opna for vanleg trafikk att.

Det var klokka 18.08 at meldinga om kollisjonen kom. Det var ein person i kvar av bilane. Dei vart begge frakta til sjukehus i ambulanse for sjekk, men skal altså ha kome frå hendinga med berre mindre skadar.

Svært glatt

Det skal ha vore svært glatt vegbane på staden då kollisjonen skjedde. Vegen vart stengt i begge retningar etter ulykka, men er no altså opna att. Det er glatt på mange vegar, og fleire stader vanskelege køyreforhold.