BYGLAND: Kommunen vonar det blir ein stoppeffekt for Bygland sentrum når den nye rundkøyringa er klar.

Rundkøyring ferdig til jol

Statens vegvesen bidreg med 6,5 millionar kroner til den nye rundkøyringa på Bygland. Kommunen har budsjettert å betale 8 millionar, men håpar det blir mindre.

Rundkøyringa i Bygland sentrum skal vere ferdig til jol.

Kommunedirektør i Bygland, John Salve Sigridnes seier vegvesenet bidrar med 6,5 millionar til prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Difor måtte det skje no. Det var tydelege at ein ikkje var garantert desse midlane om ein venta til neste år, seier han.

Økonomisjef i Bygland, Knut Olav Forgard seier kommunen har budsjettert med 8 millionar over to år på investeringsbudsjettet for rundkøyringa.

– Men det er i verste fall, me håpar det skal kome til anna finansiering slik at summen skal bli mindre, seier Forgard.

Vegen ned til Prestneset ligg inne med 2,1 millionar. Den skal etter planen bli bygd neste år.

– Ein kan ikkje utvikle Prestneset før den er ferdig. Men me har parallelt jobba med mulegheitene der nede, seier Sigridnes.

– Me trur rundkøyringa vil gje ein stoppeffekt for Bygland sentrum, seier Forgard.