Tora Kjetså Homme (t.v.), Tonje Håheim Hoftuft, Guro Besteland, Martine Larsson Olsen og Oda Håland Landås opplever det som den mest meiningsfulle russeknuten å gjere ein innsats for Krafttak mot kreft.

Russen engasjerer seg for kreftsaka

Årets tema i Krafttak mot kreft er kreft med spreiing. På Hornnes er russen klare for å gjennomføre den viktigaste russeknuten til onsdag. –Det å hjelpe andre og vise at ein engasjerer seg og bryr seg, opplever me som veldig viktig, seier Guro Besteland.

Kreftforeninga sin årlege innsamlingsaksjon Krafttak mot kreft er 11.-19. mars. Årets tema er kreft med spreiing, og det blir samla inn pengar til forsking på dette.

Dei fem ungdommane på Hornnes er klare for å gå frå dør til dør onsdag 15. mars. Nå er det ikkje lenger kontantar dei tar i mot, men dei samlar inn gjennom Vipps. Sjølv om dei meiner det viktigaste er at folk gir til Krafttak mot kreft generelt, synes dei også det er moro å konkurrere mot andre vidaregåande skular om å samle inn mykje til den gode saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I 2017 vann skulen gullbøssa i konkurranse mot alle vidaregåande i Ag-der. Det hadde vore moro å greidd igjen, seier Oda Håland Landås.

Dei engasjerte ungdommane har fått med seg andre til å gå frå dør til dør neste veke, men oppmodar også fleire om å melde seg.

– Me vil gjerne ha med fleire, og då kan dei berre sende melding til 2277 med kodeord BØSSE 411056 og namnet sitt. Slik melder du deg som bøsseberar her, seier Landås.

For å støtte gjennom Hornnesrussen kan ein vippse til 411056.

– Tre av fire overlever kreft i Noreg i dag. Men med kreften følgjer frykta for det som er endå verre. Det eine ordet ingen kreftpasientar eller deira pårørande vil høyre: «Spredning», seier distriktsleiar Geir O. Wehus I Kreftforeningen Agder. (Foto: Kreftforeningen)

Nye framsteg i forskinga

– Når ein medisin ikkje lenger virkar, ligg håpet for pasientar med spreiing i at kreftforskarane har gjort nye framsteg som gir nye, betre og meir treffsikre behandlingsmetodar. Det er desse forskarane og deira arbeid me støttar i årets Krafttak mot kreft. Meir forsking gir håp for mange: «Litt mer tid kan bety alt», seier distriktsleiar Geir O. Wehus i Kreftforeningen Agder.

Kreftforeninga er ein av landets største bidragsytarar til kreftforsking, og har gjennom tidene delt ut over 6,5 milliarder kroner.

– Får du ein kreftdiagnose, er statistikken på di side: Tre av fire overlever kreft i Noreg i dag. Men med kreften følgjer frykta for det som er endå verre. Det eine ordet ingen kreftpasientar eller deira pårørande vil høyre: «Spredning», seier Wehus.

Fakta – Krafttak mot kreft

• Krafttak mot kreft er Kreftforen-inga sin årlege innsamlingsaksjon.

• Sidan første Krafttak mot kreft i 2006 er det samla inn over 430 millionar kroner til kreftsaka.

• I år blir Krafttak mot kreft gjennomført 11.-19. mars, og pengane som blir samla inn er øyremerka forsking på kreft med spreiing.

• Ein stor del av bøssebærarane er russ. Sjå meir på www.krafttakmotkreft.no