Frå Røde Kors si øving der lavineekvipasje frå NRH har blitt flydd inn til området ved Himmelsyna for å trene på denne transporten, og trene på å søke etter skredtatt medan helikopteret søkjer frå lufta med søker hengande under helikopteret. Den skredtatte er her gravd ut og blir tatt hand om av NRH, Røde Kors og luftambulansen. (Foto: Karina Lislevand)

Rusta for alle typar hendingar

I heile Agder er frivillige frå Røde Kors i beredskap, men i påska er endå fleire på vakt i vinterfjellet. – Last ned Varsom-appen, oppmodar hjelpekorpset dei som skal ut og ferdast i fjellet.

Nedre Setesdal Røde Kors Hjelpekorps kjem til å ha base på Høgås, Vennesla RKH held til på Brokke og Kristiansand RKH skal vere på Hovden. Men også Norske Redningshunder i Agder har ekvipasjar klare for både leiteaksjonar og snøskred, og Bykle Fjellredning og Valle Fjellredning er i beredskap om uhellet skulle vere ute.

Lokalkjende

–Det er viktig å understreke beredskapen også Bykle Fjellredning og Valle Fjellredning står for. Dei er lokale og i området heile tida, også når Røde Kors har reist att, seier Karina Lislevand, operativ leiar i Nedre Setesdal Røde Kors Hjelpekorps.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeidet er det som skal til for at folk skal kunne føle seg trygge i fjellet. Og dei frivillige er på øvingar og på kurs for å kunne gjere best muleg innsats når behovet melder seg.

–I vinter har me hatt mange på ulike kurs og øvingar for å vere best muleg rusta for alle typar hendingar på vinteren, fortel Lislevand.

Kameratredning

Ho fortel at ved skred så er den aller viktigaste og fyrste ressursen kameratredning. Men for å unngå å hamne i skredutsette område, er det viktig å bruke Varsom-appen og orientere seg om vêr på førehand.

– Dette kan forandre seg mykje, og difor er det viktig at folk oppdaterer seg om føret før dei reiser ut, seier ho.

Men folk som er i Setesdal i påska skal kjenne seg trygge på at mange frivillige er klare for innsats, og samarbeidet med naudetatane er godt om det skulle skje noko.

– I Agder er det 6 godkjende lavineekvipasjar. Desse kan også bli flydd inn til eit skredområde med luftambulansen, seier Lislevand og legg til:

–Me håpar på ei flott påske for alle, og at folk følgjer trygge vegar og unngår skredfarlege område. Last ned Varsom-appen og følg med der for varlsar om området du har tenkt å ferdast i.

Presidenten til Setesdal

Presidenten i Norges Røde Kors, Thor Inge Sveinsvoll kjem til Setesdal i påska. På skjærtorsdag kjem han fyrst til Høgås i Evje og Hornnes, før turen går vidare til Brokke og Hovden. Vervet som president er frivillig, og han leiar 50.000 frivillige sitt humanitære arbeid.

– Han er ein veldig folkeleg president, så me er veldig glad for at han vil ta turen til Setesdal i påska, seier Lislevand.