Kristine Godtfredsen frå Hægeland prøvde minigraver utanfor Setesdal vidaregåande på open dag og syntest det var gøy å konkurrere mot andre elevar.

Samla 150 på open dag: – Gøy å prøve gravemaskin

– Det er gøy å prøve, seier Kristine Godtfredsen etter å ha prøvd ein minigraver utanfor Setesdal vidaregåande skule på Hornnes på open dag. Fleire elever heia på Godtfredsen då ho konkurrerte mot andre elevar om å treffe eit bestemt mål med grabben på kortast mogleg tid.

Over 150 elevar og lærarar frå ulike ungdomsskular i Setesdal og bygdene ikring tok turen til Setesdal vidaregåande skule på open dag 1. november.

– Men eg trur likevel ikkje at eg kjem til å ende opp som gravemaskinførar, meiner ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag har Godtfredsen valt studiespesialiserande line og trivst med det, men ho merker at yrkesfag har fått eit oppsving dei siste åra, òg hos kvinner.

Elise Gautestad Paul frå Evje (t.v) og Abrar Harira frå Bygland (t.h) konkurrerte om å vere raskaste kvinne til å skifte dekk. - Kvinner kan klare det same som menn!, slo dei fast begge to.

Kvinnene tek over

– Å ja, kvinner kan definitivt klare det same som menn, slår Abrar Harira og Elise Gautestad Paul fast, medan dei begge prøver å vere fyrstemann som set på heilårsdekk på ein bil i verkstaden til skulen.

Og utan muttertrekkar tek det heile litt tid, men til slutt kjem dei begge i mål.

– Det hjelpte vel litt at eg jobbar på Shell Bygland på fritida og må ta i eit tak når det trengs, seier Abrar medan ho smiler lurt til «konkurrenten».

Mange moglegheiter

For dei mange frammøtte på Hornnes var gravemaskin- og hjulskift-konkurransen berre ein av fleire aktivitetar som dei kunne vere med på. For her kunne ein òg prøve seg på sveising, tømring, iskremlaging, matte- og robotprogrammering, videospel, VR-briller, lab-forsøk og mykje anna.

– Eg vil bli tømrar og har valt Bygg- og anleggsteknikk, fortel Lucas Emil Pehrson Hammergren (t.v). – Og eg vil bli bilmekanikar og har valt Teknologi og industrifag, seier Félipe Andrés Fernandez-Hills (t.h), medan dei står ved sidan av ein Audi V8-motor, som skulen har fått av Gumpens Auto til å mekke på.

Og om ikkje dette fall heilt i smak, så var det òg mogleg å besøke meir tradisjonelle «stands» med idrettsfag (Hovden), gull- og sølvsmedhandverk (Valle), helsefag (Hornnes) eller ulike fag frå studiespesialiserande retning, der ivrige VGS-elevar viste fram det dei hadde lært det siste året. Og opplæringskontor og lokalt næringsliv bidrog som tidlegare.

– Det er viktig å stille opp og få fleire interessert i bilfaget, meiner Knut Birkeland på Auto Service på Evje.

Han var ein av fleire frå det lokale næringslivet som deltok under dugnaden på open dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må bli flinkare til å framsnakke yrkesfaga, for me treng fleire lokale fagfolk. Ein bil i dag er noko anna enn for 20 år sidan og difor må me vise kor spanande og allsidig bilfaget faktisk er, meiner han.

Framtidige mekanikarar? Tarjei Mjåland (f.v.), Petter Breivegen, Marko Kile-Jovanovic og Tobias Mykland.

Vekke interesse

Og avdelingsleiar Trond Haugom ved Setesdal VGS kan fortelje at søkinga til skulen har vore jamt god dei siste åra, men at skulen gjerne skulle ha teke imot fleire elevar.

– Det er etterspørsel etter arbeidskraft i mange sektorar av det norske samfunnet som me ikkje heilt klarer å dekke. Så difor er det viktig for oss i Setesdal å vise kva me driv med, slik at fleire ungdomsskuleelevar ser at dei ikkje treng å reise heilt til Kristiansand eller Arendal for å ta ei god utdanning, seier han.

Elevar frå studiespesialiserande line synte fram eksperiment frå kjemisalen gjennom heile dagen. Frå venstre: Synnøve Kjetså Homme, Eldbjørg Trydal-Rysstad, Tilda Kyllingstad Nygård, Sondre Hus Ese og Lina Grindheim.

– Målet er å ha eit breitt tilbod for alle som bur i distrikta, slik at skulen kan halde fram med å vere ein sentral utdanningsinstitusjon for Setesdal og bygdene ikring også i framtida, avsluttar han.

Sjå fleire bilete frå open dag: