Tjalve Wathne (t.v.), faneberar Jon Gunnar Uleberg og Karl Magnus Tveitå.

Samla seg om nasjonaldagsfeiring på Hornnes

På Hornnes gjekk folketoget frå Hornnes kyrkje med Bygland Hornmusikk i front.

Etter gudstenesta var det minnemarkering utanfor leidd av Erik Risdal. Jon Gunnar Kjetså heldt minnetale, men greidde å få med både det høgtidssame alvoret og vekke feststemninga blant honndølane før dei skulle til Otrahallen for både underhaldning, matservering og sjølvsagt is. Ei stor mengd hadde møtt opp for å få med seg dette og å slutte seg til folketoget mot Hornnesheimen og til Setesdal vidaregåande skule.

Sjå bilete frå markeringa og folketoget her:

Artikkelen held fram under annonsen.