Ingebjørg Gjerden (f.v.) frå Bykle saman med byglandsjentene Annbjørg Uleberg, Tora Marie Uleberg og Liv Haugetveit koste seg med søtsaker etter å ha helsa på brannbamsen «Bjørnis» under Sauesjå-laurdagen.

Sauesjå vart folkefest i Valle

Det var folk alle stader i sentrum av Valle under starten av årets Sauesjå. Dei yngste flokka seg rundt populære «Bjørnis», medan dei litt eldre stimla saman for både tradisjonsmat, basar, handel og røde.

I Sæbyggjen fekk bygdekvinnelaget det travelt med å servere dei mange marknadsgjestene. Både kyrkjestoge og bibliotek var fylt med menneske som varma seg på skikkeleg suppe, kaker og ein kaffikopp med kjenningar. For ute var både vinden og handelsånda sterk. Der fekk folk oppleve eit mangfald av både handelsvarer, køyretøy, underhaldning og ikkje minst folk frå både fjern og nær.

Ein populær kar blant dei minste under Sauesjå, brannbamsen «Bjørnis» som hoppa ut av brannbilen for å helse på store og små.

Det store høgdepunktet for dei yngste var då brannbilen og sjølvaste brannbamsen «Bjørnis» kom til Valle for å helse på dei mange små. Dei flokka seg rundt han, så det vart trongt om plassen i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre av dei som fekk helse på var vesle Einar Oddvarson og Marie Oddvarsdotter Homme som kom med mor Ingvild Hørte Homme og oldemor Berit Jensen.

Ingvild Hørte Homme med vesle Marie på armen og Berit Jensen med oldebarnet Einar i vogna.

Stor basar

Inne i Sæbyggjen kunne Liv Brattlie Løyland fortelje om eit stort engasjement blant bygdekvinnene, og ei heil rekke frivillige i sving for å sikre godt matstell, loddsal og basar under Sauesjå.

Liv Brattlie Løyland (t.v.) og Britt Inger Røysland frå Bygdekvinnelaget selte lodd til den store basaren i kyrkjestoga i Valle.

– Me opplever også at det er stor vilje til å kome med gevinstar både frå dei frivillige, men også av lokale verksemder, sa Løyland.

Ho fortalte også korleis Bygdekvinnelaget er opptatt av å handle lokale råvarer til maten dei serverer, både med tanke på miljøet og dei lokale produsentane.

Det var høgt tempo då Bygdekvinnelaget skulle servere dei mange besøkande under marknaden. Frå venstre: Grete Uppstad, Nina Brottveit, Malmfrid Homme, Inger Lise Homme og Frøydis Junge.

Innsats for andre

Inne i Valle Handel stod dei to jentene Johanna Djuvik-Lillekvelland og Åsne Mathilde Lund-Magnushommen og selte lapper og ting til inntekt for TV-aksjonen.

Johanna Djuvik-Lillekvelland og Åsne Mathilde Lund-Magnushommen selte lapper til inntekt for TV-aksjonen.

– Me har eit fag på skulen som heiter innsats for andre, og det er då me har laga tinga som gjer at me kan samle inn pengar til TV-aksjonen, sa Djuvik-Lillekvelland.

I Valle Handel sat også Tallak Hoslemo og selte lodd til den store jolemessa på Rysstad, og folk kunne handle både saueskinn og andre ullvarer. Utanfor var det fylt opp med handelstelt og kremmarar med både noko av det smakfulle, nyttige og reint underhaldande slaget.

Snart snøscootersesong

Blant seljarane på Sauesjå stilte Ole Martin Tørresen og Sander Helle frå Hylestad Auto. Dei fortalte ivrig til interesserte besøkande om nye scootermodellar og kva for nokre endringar som skil dei frå fjorårets snøscooterar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole Martin Tørresen (t.v.) og Sander Helle frå Hylestad Auto tok ein scooterprat med mange interesserte under marknaden. - Den raude her er det nokre som køyrer frå dei er to år gamle, medan den gule er meir for når dei startar på skulen. Den kan gå i 40-45 km/t, fortalde Tørresen.

– Det er stadig småting som endrar seg frå år til år, og folk er interessert i å høyre om dei nye scootermodellane, fortalte Tørresen.

Sjå fleire bilete frå Sauesjå i Valle: