NYTT: I omlegginga til ny nettavis, treng abonnentane til Setesdølen å oppdatere sine digitale profilar.

Setesdølen får snart ny nettavis: –Hugs å oppdatere din digitale profil

Frå 6. februar vil Setesdølen på nett koma i ny og forbetra drakt.

Endringane fører til at me treng hjelp av abonnentane til å oppdatere sine digitale profilar. Men frykt ikkje – det er fort gjort.

Endringa er ein del av at Setesdølen no er ei del av Polaris Media, etter at mediekonsernet ved nyttår overtok eigarskapen i Setesdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me både håpar, trur og meiner at omlegginga vil gjera nyheitskvardagen til lesarane våre endå eit hakk betre. Med nytt system er målet å vera både raskare, meir oversiktleg og visuelt betre – anten du sit med mobil, PC eller nettbrett.

Det nye systemet inneber likevel at du som digital brukar må gjera nokre enkle grep for å framleis lesa oss på nett. Endringa er at alle abonnentar treng ein Schibsted-konto. Det kan gjerast no, slik at alt er på plass når omlegginga skjer om to veker.

Har du konto hos VG, Finn.no eller E24? Då kan du bruke den same innlogginga så snart du har oppdatert brukaren. Alternativt kan du opprette ein ny Schibsted-konto.

Etter dette vil du kunne bruke same innlogging på Setesdølen, VG, BT, for eksempel, så lenge du er abonnent.

Ein del av lesarane våre har også fått e-post eller tekstmelding om å oppdatere sin digitale brukar. Den kan de trygt stole på.

Oppdatering av Schibsted-konto eller oppretting av ny Schibsted-konto kan du gjera anten på mobilen, nettbrettet eller PC-en. Følg instruksjonen på les.setesdolen.no/schibsted

Me i redaksjonen gler oss til å vise fram innhaldet vårt på Setesdolen.no i ny drakt både på mobil og PC.

Dersom du treng hjelp til innlogging, kan du kontakte kundesenteret vårt på epost kundeservice@setesdolen.no eller på telefon 37 93 45 00 mellom klokka 09:00 og 15:00.