Appelsinar og Kvikk Lunsj er varer som høyrer påska til, men butikksjef Hans Christian Flaten (t.v.) fortel også at folks handlevanar også er prega mykje av trendar i sosiale medier. Her fyller han på før påskehandelen startar med Else Lid og Karin Hansen.

Sikrar påskekosen i Setesdal

– Me håpar på ei god, gamaldags påske med alle handlevogner i bruk, seier Hans Christian Flaten på Evje. Handelsrekorden butikksjefen gjerne skulle slått er varer for 100.000 kroner gjennom kassene på ein time. Uansett opplever butikken at det er noko heilt eige med stemninga når påskehandelen set i gang for fullt og folk skal sikre påskekosen.

Årets påskehandel er så vidt i gang, og på daglegvarebutikken midt i Evje sentrum er dei typiske påskevarene pakka ut til glede for ferierande på veg oppover Setesdal.

Butikksjef Hans Christian Flaten har 25 år bak seg som handelsmann, og ser i år fram til det han kallar for ei god, gamaldags påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det beste året hadde me tre kasser i bruk og 100.000 kroner gjennom på ein time, fortel Flaten.

I dag kan butikken betjene to fleire kundar om gongen på grunn av dei sjølvbetjente kassene, så butikksjefen ser optimistisk på handelsinnrykket. Han fortel at det er ei myte at dei ubetjente kassene gjer at tilsette i butikkane misser jobben.

– Me kuttar ikkje i betjeninga på grunn av dei sjølvbetjente kassene. Det kan vere det kanskje var litt slik då dei kom, men her betyr det at ein frigjer personar frå kassa som kan jobbe på golvet i staden for, seier Flaten.

35-40% omsetning frå sjølvbetjent

Når ressursane kan brukast andre stader i butikken, betyr det fulle hyller sjølv om det er travle tider i butikken.

– Me håpar jo på alle handlevogner i bruk, og god gamaldags påskehandel i butikken, seier Flaten.

Folk har blitt meir duse med kassene enn i starten då dei kom, og Flaten ser at både ungdommar og folk over 90 år brukar kassene.

– Me ser at mellom 35 og 40 % av omsetninga vår kjem frå desse kassene, seier han.

Flaten trur at mange som brukar kassene likar at ein der kan ta handlinga litt meir i eige tempo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trendar i sosiale medie

Flaten fortel at sjølv om handelen aukar kraftig rundt høgtidene, er det ikkje alltid butikkane sit att med så mykje meir enn elles.

–Det går mykje meir varer ut og er høgare omsetning, men på grunn av priskrig på mange varer som høyrer høgtida til, så sit ein ikkje att med meir, seier han.

Men det er ikkje berre høgtidene som påverkar kva folk handlar, Flaten er overbevist om at folk blir mykje påverka av trendar.

–Det kan vere ei vare som plutseleg blir heilt utselt på grunn av ein video på TikTok, seier Flaten.