Alle elevar og tilsette ved Bygland oppvekstsenter måtte ta ein sjølvtest før dei kom til skulen i dag.

Sju nye smitta i Bygland

I går fekk smittesporingsteamet i Bygland melding om i alt sju nye positive sjølvtestar. Ved Bygland skule måtte alle tilsette og elevar teste seg før dei kom til skulen i dag.

Dei sju smitta er isolerte, og skal ta PCR-test som vil gje endeleg svar i morgon eller onsdag. Alle elevar og tilsette ved Bygland oppvekstsenter måtte ta ein sjølvtest før dei kom til skulen i dag.

Det er sett sju personar i smittekarantene i tillegg til dei sju isolerte som har fått positiv test.