Juryen som skal kåre ”Sørlandets villmarking”. Vinnaren blir premiert 29. august under ”Villmarksdagene Høyt og Vilt” på Eikerapen. Frå venstre: Roy Bakke frå Visit Setesdal, Synnøve Elisabeth Aabrekk frå reiselivsorganisasjonen USUS på Sørlandet, Margit Dale, matmor frå Setesdal og Eva Haugland Åsland frå hovudpartnar til Høyt og Vilt, Sparebanken Sør. Ewen Martin frå Adventure Norway i Bjelland er også med i juryen.

Skal kåre ”Sørlandets villmarking”

I slutten av august blir det liv og røre på Eikerapen i Åseral. ”Villmarksdagene Høyt & Vilt” byr på konsertar, foredrag, friluftsliv og mange spennande aktivitetar. Og for aller fyrste gong blir ”Sørlandets villmarking” kåra!

–Det er så vidt me veit fyrste gong i historien at ein kårer ”Sørlandets villmarking”, seier presseansvarleg Per Thunstad i Høyt & Vilt.

I helga samla han juryen som skal stå for den høgtidelege kåringa av eit menneske som kan kalle seg ein ekte villmarking.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Det kan vere ein person som har utmerka seg som ein naturelskar, eller som har vore god til å få med seg andre på tur, seier Thunstad.

Aktuelle kandidatar kan vere både unge, vaksne eller eldre.

–Juryen ser etter nokon som bør honorerast for å vere glad i villmarkslivet, seier Thunstad.

Han understrekar at det er enkeltpersonar som er aktuelle kandidatar til prisen, og ikkje bedrifter.

–Ein les jo ofte om bedrifter som gjer ein god jobb for å ta i bruk naturen, men denne gongen er det ein person som skal heidrast, seier Thunstad.

Juryen

Det er ein jury som skal vurdere dei ulike kandidatane og velje ut ein verdig vinnar som blir preminert på Eikerapen 29. august. Juryen er sett saman av Eva Haugland Åsland i Sparebanken Sør, Roy Bakke frå Visit Setesdal, Synnøve Elisabeth Aabrekk frå USUS på Sørlandet, Margit Dale, Setesdal si eiga matmor, og Ewen Martin frå Adven-ture Norway.

Billettar og program

–Me håper at folk nå har noko å sjå fram til i august. Programmet og billettar er lagde ut, men me må sjølvsagt ha nokre forbehold dersom smittesituasjonen skulle endre seg. Me håper at vaksinasjonen går sin gang, og at me kan ha ein koronafri haust, seier Thunstad.

Dei som vil nominere aktuelle kanditatar til å bli ”Sørlandets villmarking”, kan ta kontakt med ”Villmarksdagene Høyt & Vilt” på facebook.